Seniortur - Fitjarfjellet

Fellestur

Dato
30. september kl. 08:30 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)


Ved frammøte i Podlen samordnar vi transporten vidare.
Vi skal ta ferja frå Ranavik kl. 09:05, deltakarar frå Halsnøy kan møta i Ranavik kl. 08:45.

Denne turen blir ein litt annanleis tur, der vi reiser til Fitjar og går i deler av deira turområde.

Frå Fitjar sentrum køyrer vi opp til Olstjørn 280 moh, der vi parkerar.

Vi går på grusveg og sti forbi Midtvatnet og Svartavatnet (389 moh).

Vidare går ferda mot Midtfjellet, over til Beintjørnsvarden, som også er høgste punkt på turen (501 moh). Herfrå går vi tilbake til Olstjørn der bilane står.

Vi får med oss ein røynd turleiar frå Stord og Fitjar turlag.
Turleiaren er godt kjend i området, og kan informera om kva vi ser og høyrer.

Ein kontrast til fjellheimen i Kvinnherad er vindmøllene i Fitjarfjella. På deler av turen kan desse sjåast, og vel også høyrast. Dette er til glede for straumnettet, men kva med det visuelle bildet og tap av eit støyfritt landskap?

Bli med og opplev ytre Sunnhordland med land, øyar og hav!

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Ved rundkøyringa i Podlen kl. 08:30 eller Ranavik 08:50
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må sjølve syta for transporten inkl. ferja
  • Turleiarar:     Tor Sandvik og Steinar Kroka
  • Vandringa:
    • Distanse: 8 km t/r
    • Høgdeskilnad: 220 meter
    • Tidsbruk: 4 timar + pausar.

 

Seniortur - Fitjarfjellet

Ved frammøte i Podlen samordnar vi transporten vidare. Vi skal ta ferja frå Ranavik kl. 09:05, deltakarar frå Halsnøy kan møta i Ranavik kl. 08:45. Denne turen blir ein litt annanleis ...

Kontaktinformasjon:

  • Tor Sandvik
  • Tlf. 908 43 154

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Tor Sandvik