Seniortur - Halsnøy, Toftåsen rundt

Fellestur

Dato
10. mars kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre:

  • Det blir obligatorisk påmelding for alle turar.
    Dette skjer via den raude knappen på sida for kvar turomtale (turlaget si heimeside).
    (Ta kontakt med turleiaren dersom du har problem med påmelding via nettet eller dersom du vil melda deg av etter ei påmelding).
  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 1 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg håndsprit.

Turen startar frå Zoar bedehus. Kjem du frå fastlandet, tek du til høgre i rundkøyringa etter tunellen, og deretter første avkøyrsla til høgre og også til høgre i neste vegdele.

Frå Zoar går vi ned til Toftevågen som har lange tradisjonar for handel og fiske.
I ei myr på Bunes fann dei i 1896 "Toftebåten" / "Halsnøybåten" som er datert til år 400 e.Kr., og dermed ein av dei eldste båtane som er funne i landet.
I 2009 vart den etter initiativ frå Johannes G. Eide rekonstruert i full skala av båtbyggjar Knut Sørnes.

Frå Toftevågen går vi til Nordrevågen mot steindeponiet på veg, og deretter over på sti og traktorveg til Øysteinsvik. Derfrå vidare rundt Storemyr opp til det nye Åsatinget der vi tek ein matpause.
Etterpå går vi over toppen av Toftåsen, 195 moh og på skogsveg ned til Zoar.

Det er i 2020 utført mykje dugnad på/rundt Toftåsen og meir skal gjerast. Men det er framleis mange fuktige område, så dette er ikkje ein tur for joggesko.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Zoar bedehus kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Kjell Ivar Bjørgen og Jan Martin Skaaluren
  • Vandringa:
    • Distanse: 8 km
    • Høgdeskilnad: 170 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Halsnøy, Toftåsen rundt

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre: Det blir obligatorisk påmelding for alle turar. Dette skjer via den raude knappen på ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Tlf. 959 74 654

Turledere:

  • Jan Martin Skaaluren
  • Kjell Ivar Bjørgen