Seniorgruppa sin utanlandstur skal i 2020 gå til Spania i veke 24/25.
Planlegginga er i godt gjenge, og på grunn av reservasjon på fly og hotell, må vi starta med påmelding alt no.
Turen er eit samarbeid med BeGrand AS i Volda, og derfrå kjem reiseleiaren Berit Egset, ho møter oss på flyplassen i Malaga.
BeGrand AS er medlem av Reisegarantifondet (RGF).
TUROMTALE
I år blir det ein litt annan seniortur enn det vi har hatt dei siste åra. I staden for toppar og fjell, blir det ved sjøen, med sol og flotte vandringar.
Vi skal bu i Almuñecar som ligg i provinsen Andalucia som er den sydlegaste av Spania sine 17 autonome regionar på fastlandet. Provinsen ligg mellom fjellkjeda Sierra Morena og Middelhavet, og det er ved Middelhavet vi skal bu 😎
Som dei fleste byar på desse kantar, er Almuñecar ein turistby, og den har eit innbyggjartal på omlag 25.000. Her har ein fjella i bakgrunnen og havet framfor seg med lange, innbydande strender, spektakulære klipper, små bukter og krystallklart turkist vatn.
I byen kan ein i dei fønikiske og romerske ruinane og det mauriske slottet, sjå spor etter dei første innbyggjarane. Byen i seg sjølv er typisk andalusisk med svingete gater, og balkongar dekka med geranium.
Og klimaet er utruleg, Almuñecar er det einaste området i Spania som har subtropisk klima med 330 soldagar i året.
Her veks det 30 ulike tropiske frukter, og i byparken finn ein meir enn 150 ulike treslag og to gigantiske ficustre.
På denne turen blir det lagt opp til at vi skal ha seks vandredagar og to fridagar.
På vandredagane vil vi få med oss ein skandinavisktalande guide.
Den norske reiseleiaren er også med oss under heile opphaldet og på dei daglege turane.
På fridagane kan deltakarane sjølve bestemma kva dei vil gjera, fritt valg mellom badestrand og byvandring. Men det vil koma tilbud om felles utflukter på fridagane også. Gjennomføringa av desse er avhengig av antal påmelde, meir info om turmål, kostnad og evt. påmelding kjem seinare.
Lengda på vandreturane vil variera mellom 3 timar og opp mot 5 timar, og kvar av desse dagane skal vi ha ein lunsjpause under vegs. Vanskegraden varierar frå lett til middels, og bør såleis passa bra for seniorar.
REISA
Flyturen går med Norwegian og startar frå Flesland tirsdag 9. juni med oppmøte på flyplassen seinast kl. 14:00.
Deltakarane må sjølve syta for transport t/r Flesland.
Frå flyplassen i Malaga blir det busstransport (vel 1 time) til Almuñecar.
TUROPPLEGG
Vandringa tek rundt tre timar med ein høgdeskilnad på ca 150 meter. Tidsbruken er avhengig av tempo og nivå i gruppa. Under vandringa vil vi truleg kunne sjå både fjellgeiter og villsvin.
For dei som ønsker ein lengre tur, legg vi til rette for eit par timars vandring langs stranda tilbake til hotellet.
Felles middag på restaurant om kvelden...
Dagens middag blir på ein restaurant der eigaren har teke foto for National Geographic. Han vil ikkje berre servere god mat, men også råd om korleis du tek dei beste bilda. Mange av bilda hans er brukt på forsida av bladet.
Dag 4 (F-L-M) - Paradisisk vandring
I dag skal vi besøke markedet i Almuñecar og plukke med oss dei beste ingrediensane for å kokkelere i lag med ein profesjonell skandinavisktalande kokk. Saman skal vi lage ein smakfull lunsj.
På ettermiddagen går vandringa i eit vakkert område med fossar, bruer, smale stiar, holer, bakkar - ei paradisisk vandring. Det er lett terreng å gå i, og vi legg opp til ca fire timars vandring med høgdeskilnad på 350 meter.
På sein ettermiddag returnerer vi til Almuñecar og dagens middag som blir ein buffétmiddag på hotellet om kvelden.
Dag 5 (F) - Fridag
Frukostbuffét og dagen til eigen disposisjon.
For dei som ønsker eit alternativ på fridagen, er det muleg å vandre Camino del Rey eller Kongens sti. Camino del Rey er ein gangveg låst fast til dei steile veggene i ei smal kløft i El Chorro. Gangvegen var forfallen og ute av bruk i mange år før den etter fire års intens renovering og reparasjonsarbeid, blei opna for bruk i 2015. Vandringa gir innsikt i eit imponerande byggverk, spektakulær utsikt, og i fleire av fjellveggene kan du sjå store fossilar.
Vandringa er ikkje teken inn i det ordinære programmet då det kan gi for store utfordringar for den som ikkje er høgdesterk. Opplevinga er både imponerande og fasinerande, og er eit godt alternativ for dei som ønsker eit tilbod på fridagen.
Opplegget må organiserast, og vi kjem tilbake med meir informasjon seinare.
Dag 7 (F-L-M) - Vandring i Alpujarras
Dagens program krev transport til vakre Alpujarras der vandringa startar ved ca 1.400 moh. Frå Bubion går vi opp i ein vakker dal med mengder av blomar, vakker utsikt, sauer og geiter. Vår sirkulære rute tek oss til ei vakker elv med små naturlege badekulpar og ein nydeleg ravine. Terrenget varierer mellom skyggefulle elvedalar, grassletter og stiar i fjellterreng der vi kan sjå vakre Sierra Nevada i det fjerne. Dei som ønsker ein forfriskande dypp i ein av dei mange elvekulpane, må ikkje gløyme å ta med badekle.
Turen er berekna til ca. fire timar. Det er ei stigning på ca. 200 høgdemeter, seinare går vi nedover ca. 400 og avsluttar med stigning på ca. 200 høgdemeter.
Felles middag på hotellet om kvelden.
Om det er ønskeleg, kan det leggast til rette for utflukt til Granada (m.a. Alhambra). Dei som er interesserte må på eit seinare tidspunkt melde seg på slik at det kan organiserast. Dette kjem vi tilbake til...
Om kvelden vert det avskjedsmiddag på restaurant.
HOTELLET
Hotellet vi skal bu på er 4-stjerners og heiter Almuñécar Playa Spa Hotel.
Det ligg sentralt i byen med kort avstand til kafear og stranda. Alle rom har air-condition og gratis WiFi. Hotellet har godt omdøme for mat og service, og kan by på ymse spa-tilbud... 😊
Meir info om hotellet finn du på heimesida deira:
https://www.playasenator.com/en/hotels/almunecar-playa-spa-hotel/
PRIS
Prisen er basert på 30 deltakarar som er maks antal.
Prisen dekkar:
Dette er ikkje inkludert i prisen:
Atterhald: Program og vandringar må tilpassast nivået i gruppa. Verforhold og andre ting vi ikkje rår over, kan påverke og gje endringar i oppsett program.
VILKÅR
Dette er ein medlemstur, difor må vi setja følgjande vilkår:
PÅMELDING
Det vert opna for påmelding frå 14. november 2019.
Påmeldinga skal gjerast til Berit Egset (BeGrand AS) via
e-post: berit.egset@gmail.com / eller SMS eller telefon 971 22 111.
Påmeldinga vert bekrefta straks vi har oversikt over kven som får plass på turen.
Stadfesting av di deltaking gjer du ved å sende fullt namn (identisk med namn i pass), og betaling av depositum på kr 1.500,- til konto 3991 08 74571.
Om ikkje depositum vert innbetalt til avtalt tid, kan plassen bli tildelt andre.
Ved avmelding i ettertid, kan deler av depositum (kr 1.000,-) overførast til annan person om det er interesserte på venteliste.
Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
-------------------
Tidlegare utanlandsturar vi har arrangert, har blitt svært raskt fullteikna. Difor bør du vera tidleg ute med påmelding dersom du vil vera med oss til Spania.
VELKOMMEN TIL FLOTTE DAGAR VED MIDDELHAVET ! 😎