Breopplevingshelg Folgefonna

Fellestur

Fra dato
6. september kl. 16:00
Til dato
8. september kl. 20:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Bretur, Folgefonna, Breoppleving
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Fjellsportgruppa i Kvinnherad

Breopplevingshelg på Fonnabu. Opplev Folgefonna på ei flott tid av året, og på ei uvanleg rute ut av breen. Oppmøtestad: Sundal kl. 16.30. Me går «sumarvegen» til Fonnabu frå Rennedalen fredag ettermiddag. Matøkt og så enkel innføring i knutar og teknikk om kvelden. Laurdag lagar me oss niste og
legg ut på bretur. Holmaskjera eller Høgste Breakulen kan vera turmål, etter trening i gå med breutstyr. Søndag etter frokost, utvask og rydding legg me ut på langtur. Me kryssar Brufossbrea, ut i Bondhusbrea, og ned mot Holmavatnet. Pause her, og så ny tur i breen. Me går ut av breen og vidaremot Brufossvatnet og til Gardshammar. Så ned til Bondhus og heimreise.

Pris: kr. 1.250,- for medlemmer. Kr. 1.400,- for andre.
For nærare info kontakt Harald Håland, 932 48 974.

Turleiarar: Solveig Haugland og Harald Håland

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Solveig Haugland
  • Harald Håland