Også i år arrangerer vi i samarbeid med Festidalen; Festifjellet. Lørdag 29.juni blir det ein fellestur til vakre Manen 1014 moh.
Turen startar frå parkeringsplass ved Padlane på Eik kl 10.00. Vi går gjennom gamal furuskog før vi kjem opp i ope landskap og kan nyta ein fantastisk utsikt over Rosendalsfjella, Folgefonna og Sunnhordalandsbassenget. Når vi når toppen blir utsikta enda meir formidabel, då vi ser blant anna Ulvanåso, Englafjell og Melkhaug. Ein tur som er verdt å få med seg.
Pris: Gratis for medlem, kr 150,- for ikkje-medlemmer.
Turleiar: Martha Teigen Varanes Tlf: 91102650
og Benjamin Hus Ripel
Er du interessert i å kombinere turlivet med god musikk og herlig festivalstemmning? Sjekk ut: www.festidalen.no