Støttemarsj for naturen! Husnes/Bremstølen/Mjelkhaug

Fellestur

Dato
12. mai kl. 10:00
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Vindkraft, Støttemarsj
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

Søndag 12.mai går me for naturen! Bli med oss å vise at me ikkje ønskjer vindmøller i fjella våre. 

 

DNT arrangerer støttemarsjar og markeringar over heile landet denne dagen. Bakgrunnen er rammeplanen for vindkraft som NVE presenterte 1.april. Store områder av Kvinnheradfjella er med i denne planen, og dermed trua av storstilt vindkraftutbygging. Støttemarsjen er for dei som meiner me ikkje kan øydelegge desse naturområda med vindkraftutbygging. 

 

Mange har vist interesse for støttemarsjen, og ytra ønskje om ein tur alle kan vere med på. Me har difor endra litt på turplanane. Turen startar i Husnes sentrum. Dei som ønskjer kan vidare vere med opp til Bremstølen og Mjelkhaug. 

 

Oppmøte kl. 10 ved paviljongen i parken på Husnes. Her samlar me oss og får høyre nokre korte appellar mot vindkraft i fjella våre, før me samla går opp til Retro/busstasjonen. Herfrå kan dei som vil vere med til Bremstølen. Turen frå busstasjonen til Bremstølen går på god sti gjennom vakker furuskog oppover lia, og tek omlag ein time opp. Ved Bremstølen tek me ein god pause og kan nyte nista og den brusande Hellandselva medan me kikkar ned til Husnes. Etter ein pause ved Bremstølen kan du velje om du vil gå ned igjen eller vere med opp til Mjelkhaug (1005 m.o.h.); eitt av områda som er aktuelle for vindkraftutbygging ifølgje NVE. Her får ein vid utsikt over Husnesfjella og ut mot Sunnhordlandsbassenget.

 

Bli med oss så langt du kan/ønskjer! Ta med slekt og venner og møt i Husnesparken. Lat oss visa at vindmøller ikkje har noko å gjere i Kvinnherad! 

 

Turleiar: Mari Teigen Varanes. Tlf. 95275277. E-post: mari.varanes@gmail.com. Har du spørsmål om turen eller ønskjer du å halde ein kort appell i parken? Ta kontakt! Det er ikkje påmelding til denne turen. 

 

Bergen og Hordaland Turlag har eit opprop for bevaring av kyst, skog og fjell. Vi håpar du vil signere oppropet som Turlaget vil overlevere regjeringa: https://www.opprop.net/bevar_kyst_og_fjell

 

PS. Kvinnherad Turlag arrangerer også folkemøte mot vindkraft i Kulturhuset på Husnes 28.mai. Har du ikkje moglegheit til å vere med på støttemarsjen har du her ei ny moglegheit til å vise din motstand mot vindkraft i fjella våre.

Støttemarsj for naturen! Husnes/Bremstølen/Mjelkhaug

Søndag 12.mai går me for naturen! Bli med oss å vise at me ikkje ønskjer vindmøller i fjella våre.    DNT arrangerer støttemarsjar og markeringar over heile landet denne dagen. ...

Kontaktinformasjon: