0ksen 1241

Fellestur

Dato
18. august kl. 08:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Dette arrangementet er over!

18.august Oksen (2 støvlar)

Middels tung dagstur. Fottur frå Tjoflòt

Ca 5 timar

Middels tung tur

8,6 km. Tur/retur

Den markerte toppen Oksen, der Hardangerfjorden deler seg i fleire løp, er kjend for å ha noko av den beste utsikta som finst i området. Vi møtest i Rosendal kl. 8 og køyrer i lag langs austsida av Sørfjorden og Eidfjorden inn til Hardangerbrua. Sjølve fotturen startar ved Tjoflòt (ca. 250 moh.), kort køyring vest for brua. Turen fortset på traktorveg, deretter over på sti gjennom skogen opp til Vindhovden. (ca. 600 moh.) Bratt parti mellom 400-600 moh. Så jamn stigning til ca. 900 moh. der eit nytt bratt parti går opp til 1100 moh. Siste etappe opp til 1241 moh. har ein forsiktig stigning. På toppen tek vi ein velfortent matpause og nyt utsikta. Her ser vi over Hardangerfjorden, Sørfjorden, Granvinfjorden og Eidfjorden. Er det klårver, kan vi også sjå Folgefonna og innover Hardangervidda til Hardangerjøkulen .

Turleiar: Ann Kathrin Røssland, tlf. 911 47 758 og Mona E Røstbø 97722163

 

0ksen 1241

18.august Oksen (2 støvlar) Middels tung dagstur. Fottur frå Tjoflòt Ca 5 timar Middels tung tur 8,6 km. Tur/retur Den markerte toppen Oksen, der Hardangerfjorden deler seg i fleire løp, ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ann Kathrin Røssland
  • Mona Eikemo Røstbø