Seniortur - Fartøyvernsenteret og Bjørkeveten, Kvam

Fellestur

Dato
18. september kl. 08:30 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Hardangervidda, Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!


Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten vidare til Kvam, vi skal ta ferje frå Årsnes kl. 09:00.

På innturen stansar vi ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund. Her vert det omvising av utstillingane dei har der + ein liten film. Dette kostar kr. 90,- pr. person og må dekkast av deltakarane.

Etterpå køyrer vi til garden Bjørke ved Fykse der vi parkerer.
Turen vidare går langs enkel veg og sti fram til Bjørkeveten, ein topp over Samlafjorden med fin utsikt over Hardangerfjorden. Varden knyter seg til vardesystemet som Håkon den gode skipa på 900-talet.

Stigning ca. 125 m og lengd 8 km.
Dagen vert lang, ta med rikeleg med niste.

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 08:30.
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Kåre Haugse og Sigmund Spjelkavik

 

Seniortur - Fartøyvernsenteret og Bjørkeveten, Kvam

Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten vidare til Kvam, vi skal ta ferje frå Årsnes kl. 09:00. På innturen stansar vi ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund. Her vert det omvising av ...

Kontaktinformasjon:

  • Kåre Haugse
  • Tlf. 482 27 242

Turledere:

  • Sigmund Spjelkavik
  • Kåre Haugse