Seniortur - Overnattingstur, Geiloområdet

Fellestur

Fra dato
2. september kl. 09:00
Til dato
6. september kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa i Kvinnherad
Turområde
Norefjell og Eggedalsfjella, Skarvheimen (se kart)


Seniorgruppa sin hyttetur denne hausten går til Geilo der vi skal bu frå måndag til fredag på Øen Turistsenter.

Det vil bli dagsturar i området, desse vert avtalt etter kvart som vi ser korleis vertilhøva er.
Vi håpar det lagar seg slik at det kan bli ein tur til Hallingskarvet.

På grunn av overnatting, må vi til denne turen ha påmelding.
Påmelding skjer via den raude knappen til høgre på denne sida.
Turavgifta skal betalast via nettet ved påmeldinga. Ved ev. avmelding innan fristen, vil beløpet (minus adm.gebyr) bli tilbakebetalt.

Turavgifta dekkar overnatting, frukost, matpakkke og middag under opphaldet.
Deltakarane må sjølve dekka transporten til/frå Geilo.

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
Maks. deltakartal: 25 personar.

  • Frammøte:   Blir avtalt seinare av turleiarane.
  • Turkarakter: BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:      Medl.: kr. 2.450,- / Ikkje medl.: kr. 2.750,-
  • Turleiarar:    Kjell Ivar Bjørgen og Jan Martin Skaaluren

 

Seniortur - Overnattingstur, Geiloområdet

Seniorgruppa sin hyttetur denne hausten går til Geilo der vi skal bu frå måndag til fredag på Øen Turistsenter. Det vil bli dagsturar i området, desse vert avtalt etter kvart ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Tlf. 959 74 654

Turledere:

  • Jan Martin Skaaluren
  • Kjell Ivar Bjørgen