Seniortur til Polen og Tatrafjella

Fellestur

Fra dato
21. mai 2019 kl. 10:10
Til dato
28. mai 2019 kl. 15:20
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Seniorgruppa i Kvinnherad


Seniorgruppa sin utanlandstur skal i 2019 gå til Polen i veke 21/22.
Planlegginga er i god gjenge, og på grunn av reservasjon på fly og hotell, må vi starta med påmelding alt no.
Turen er eit samarbeid med BeGrand AS i Volda, og derfrå kjem reiseleiaren Berit Egset, ho møter oss på flyplassen i Krakow.

REISA
Flyturen går med Norwegian og startar frå Flesland tirsdag 21. mai med oppmøte seinast kl. 08.30

  • DY 1028  21. mai Bergen - Krakow  10:10 – 12:30
  • DY 1029  28. mai  Krakow - Bergen 13:00 – 15:20

Deltakarane må sjølve syta for transport t/r Flesland.

Frå flyplassen i Krakow blir det busstransport (vel 2 timar) til Zakopane.

TUROMTALE
Zakopane i Tatrafjella er eit av dei mest kjente og mest besøkte områda for vandreturar og ulike friluftsaktivitetar i Polen. Zakopane vert kalla Polen´s vinterhovudstad.
Minnast du sendingane frå hopprenna i Zakopane, eller kanskje sat du klistra når Toralf Engan blei verdsmeister i normalbakke her i 1962 ?

Zakopane ligg heilt sør i Polen, mot grensa til Slovakia - 120 km og vel 2 timars køyretur sør for den gamle hovudstaden Krakow. På veg sørover frå Krakow mot Zakopane, endrar landskapet seg totalt frå flatt lavlandsområde til enorme fjellparti med det dramatiske uttrykket som dei massive fjellpartia gir. Knapt 25 % av Tatrafjella ligg i Polen, resten tilhøyrer Slovakia. Tatrafjella er verna område og er etablert som Tatra nasjonalpark, Slovakia og Tatra nasjonalpark, Polen.

Zakopane ligg på 800 – 1000 moh og er omkransa av fjell på meir enn 2000 meter. Arkitekturen er prega av tre- og lafta bygningar. Den typiske Zakopane-tradisjonen er at bygningane er dekorerte med vakre ornament og utsmykking i fine fargar. Her er mange dyktige handverkarar og kunstnarar innanfor tre- og skulpturarbeid, og vi satsar på å sjå nærare både på produksjon og produkt.

Zakopane har ca. 30.000 innbyggarar og meir enn 2 mill. turistar i året.
Hovudgata i Zakopane, Krupówki sydar av serveringsstader, aktivitet og handel.
Hotellet vårt ligg nokre minuttars gange frå hovudgata.

På denne turen blir det lagt opp til at vi skal ha fem vandredagar og ein fridag.

På vandredagane vil vi få med oss ein engelsktalande guide.
Den norske reiseleiaren er også med oss under heile opphaldet og på dei daglege turane.

På fridagen kan deltakarane sjølve avgjera kva dei vil gjera.

Lengda på vandreturane vil variera, og kvar dag skal vi ha ein lunsjpause under vegs.

Turopplegg

  • Dag 1 - Reisedag
  • Dag 2
    Vandring i den lågare del av Tatra i Zakopane-området med vakker utsikt over byen og dei høge fjella. Vi nyttar den første vandredagen til å få ein introduksjon av Tatra, og eit innblikk i Zakopane sin kultur og arkitektur. Vandringa vert avslutta med eit besøk i hopparena-området Wielka Krokiew. Pausar og matpakke undervegs.
    Dagens vandring er ca 8 km lang, med høgdemeter på + 500 m / – 500 m
  • Dag 3
    Vandring med fantastisk utsikt over Tatrafjella. Vi startar med å vitje eit meister­stykke av arkitektur i Zakopane-stil, Jaszczurówka kapellet.
    Vidare blir det transport fram til startpunktet for vandringa, ein tur som vil gje flott utsikt frå nord til den høgste delen av Tatrafjella. Det vil også vere muleg for dei som ønsker det å gå til toppen av Gęsia Szyja (Gåsenakke).
    Vandringa (utan turen til toppen), blir på ca 9 km og høgdeskilnaden på + 400 m / - 600 m.
  • Dag 4
    Denne dagen dreg vi høgt til fjells, opp til Kasprowy Wierch som ligg på 1.985 moh.
    For å koma dit skal vi nytta kabelbane. Her blir det eit fantastisk utsyn over fjell, dalføre og landsbyar. Vandringa denne dagen blir turen ned att ( - 1.000 m) på tilrettelagte stiar. Under vegs er det fleire turist­hytter. Det er høve til å ta banen ned dersom ein ikkje vil gå.
    Dagens tur er berekna til totalt 6-7 timar inkl. transport og kabelbane.
  • Dag 5
    Fridag. Heile dagen til eigen disposisjon der du kan finne eigne toppar å bestiga, flata ut på hotellet, finna eit eigna SPA-tilbod, ta for deg av handletilboda i sentrum, eller ein kombinasjon?  Dagen er din…
  • Dag 6
    Etter frukost går turen til Slovakia med vandring i Orava-regionen i den slovakiske delen av Tatrafjella. Start og slutt blir i landsbyen Oravice der dei har bad med termal­­vatn på 34-38 grader som vi kan besøkja. Dagens vandring er på 9 km med høgdeskilnad på + 250 m / - 250 m.
    Denne dagen får du høve til å testa slovakisk mat. Vi et middag i denne regionen før vi returnerer til Zakopane.
  • Dag 7
    Det blir tilrettelagt for eit spennande besøk i landsbyen Chocholów som vert kalla "den levande fortid" med sine unike og svært godt bevarte trebygningar.
    Etter eit opphald der, dreg vi vidare til inngangsområdet for Chocholów-dalføret der hest og kjerre ventar oss for ein tur til Dolina Chocholowska Chaket. Her kan vi disponera eit par timar til vandring og avslapping og nyta den vakre naturen, før hest og kjerre tek oss tilbake til utgangspunktet.
    Siste middagen for Polen-turen blir på restaurant Ziębówka som ligg i dette området.
  • Dag 8 - Reisedag

Det vert teke atterhald om endring i programmet basert på nivå i gruppa, veret eller andre forhold som måtte spele inn.

HOTELLET
Hotel Aquarium Zakopane
 er eit 4-stjerners hotell. Det har 136 rom, alle med air-condition, TV, telefon, kaffi- og te-seksjon og WiFi.

Direkte frå hotellet gjennom ein korridor, når ein Aqua-parken i Zakopane som har massevis av tilbod og attraksjonar. Dei mest aktuelle er gjerne basseng, terrasse, jacuzzi og vann­rutsje­bane. Vi har fri tilgang til Aquaparken i to timar pr. dag. Det er badekåpa på hotellet, men det er lurt å ta med slippers – og badedrakt 😊

Meir info om hotellet finn du på heimesida deira: http://www.hotelaquarion.pl/en

PRIS
Prisen er basert på minimum 25 deltakarar. Om det vert fleire eller færre deltakarar enn 25, kan prisen bli justert avhengig av tal deltakarar. Maks tal på deltakarar er 30.

  • Ved 25 personar: kr. 13.900,- pr. person i delt dobbeltrom
  • Enkeltromstillegg: kr. 2.300,-

 

Prisen dekkar:

  • Flyreise t/r Flesland-Krakow
  • Busstransport t/r Krakow-Zakopane
  • Opphald i dobbeltrom i 7 netter + frukost på Hotel Aquarium
  • Lunsj/matpakke 6 dagar
  • 6 middagar
  • Fri inngang til Aqua-parken 2 timar dagleg
  • 5 vandredagar med lokal engelsktalande guide
  • All transport til/frå vandreturane samt bruk av heis/banar knytt til vandringane
  • Hestetransport siste vandredag
  • Inngang termalbad i Orava, Slovakia
  • Bistand frå turleiar i seniorgruppa
  • Reiseleiar frå Norge

Dette er ikkje inkludert i prisen:

  • Drikke til maten
  • Felles tips (guide, sjåfør, felles på hotellet, andre som yter service til gruppa)
  • Personleg tipsing


VILKÅR
Dette er ein medlemstur, difor må vi setja følgjande vilkår:

  • Deltakarane må vera medlem i DNT/Kvinnherad Turlag
  • Deltakarane må ha reiseforsikring


PÅMELDING
Det vart opna for påmelding 30. oktober, og turen vart fullteikna samme dagen. Men du kan ta kontakt dersom du ynskjer å stå på venteliste i tilfelle nokon trekkjer seg...
Påmelding skal skje pr. e-post til: berit.egset@gmail.com
Har du problem med e-post, kan du kontakta Berit pr. telefon: 971 22 111

Påmeldinga må innehalda:

  • NAMN PÅ DELTAKAR(AR)  (NB: eksakt slik det er skrive i passet)
  • TELEFONNUMMER
  • E-POSTADRESSE

Etter stadfesta påmelding, får du krav om innbetaling av depositum på kr. 2.500 pr. person. Når dette beløpet er innbetalt, får du tilbakemelding om deltakinga.
NB: Depositumet vert ikkje betalt tilbake ved avmelding, men det kan overførast til annan deltakar innan 6 veker før avreise.

Tidlegare utanlandsturar i seniorgruppa sin regi har vore vellukka, og alt ligg til rette for at slik skal det bli denne gongen også. Bli gjerne med oss på tur....

VELKOMMEN TIL FLOTTE DAGAR I TATRAFJELLA  !

 

Kontaktinformasjon: